KS Bedrift KS Bedrift

10 år med samfunnsansvar

Aktuelt

WEEE er i mål

30.01.2012 Marianne Haugland

I januar vedtok EU-parlamentet eit revidert WEEE-direktiv. Det tyder at heile Europa skal auke innsamlinga av elektronikkavfall og resirkulere meir enn dei gjer i dag. Europakommisjonen legg vekt på at vi aukar kontrollen og får bukt med ulovleg eksport .

Noreg har gjenvunne jamt meir EE-avfall sidan siste del av 90-talet og ser fram til at enda fleire land kjem etter. Miljørådane ved den norske EU-delegasjonen – regjeringas utsendingar – rapporterer at Noreg godt kunne likt eit høgre ambisjonsnivå, men er særs nøgd med at EU har klart å einast om konkrete politiske løysingar i saka.

Ein representant frå Europakommisjonen fortel KS Bedrift at dei ser for seg ei vekst i avfallsbransjen. Dei ventar at mange arbeidsplassar vert oppretta innan gjenvinningsindustrien, i rådgjevingsbransjen som skal sikre kompetansedeling og i arbeidet med å kontrollere eksport av avfall til t.d. Afrika og Asia. Kommisjonen vil til livs dei tragiske røynslene om elektronikk som vert brent i open luft og ved drikkevannskjelder.

4 siste

Den ledende interesseorganisasjonen for bedrifter i offentlig sektor

Haakon VIIs gate 9
0161 Oslo
Posboks 1378 Vika
0114 Oslo

Telefon: 24 13 26 00
Faks: 22 83 22 22
E-post: ks-bedrift@ks.no
Web: www.ks-bedrift.no 
Webredaktør: Marianne B. Skou

Abonner: